Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 5:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under slaveåket.

2. Høyr kva eg, Paulus, seier dykk: Lèt de dykk omskjera, vil ikkje Kristus vera til noka hjelp for dykk.

3. På nytt slår eg fast at kvar den som lèt seg omskjera, er skuldig til å halda heile lova.

4. De som vil bli rettferdige ved lova, er skilde frå Kristus; de er falne ut av nåden.

5. Men vi ventar i Anden, ved tru, på den rettferda som er vår von.

6. For i Kristus Jesus gjeld det verken å vera omskoren eller å vera uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik.

7. De var komne godt i gang med løpet. Kven er det som har hindra dykk i å vera lydige mot sanninga?

8. Kven har overtala dykk? Ikkje han som kalla dykk!

9. Litt surdeig gjennomsyrar heile deigen.

10. Men i Herren har eg den tiltru til dykk at de ikkje vil tenkja annleis enn eg gjer. Den som forvirrar dykk, skal få sin dom, kven han så er.

11. Men om det er så, sysken, at eg enno forkynner omskjering, kvifor blir eg då forfølgd? Då er ikkje krossen ein snublestein lenger.

12. Må dei berre skjera av seg alt saman, dei som spreier uro mellom dykk!

13. De er kalla til fridom, sysken. Lat berre ikkje fridomen bli eit påskot til å gjera det kjøtet vil, men ten kvarandre i kjærleik.

Les hele kapitlet Galatarane 5