1. Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under slaveåket.
2. Høyr kva eg, Paulus, seier dykk: Lèt de dykk omskjera, vil ikkje Kristus vera til noka hjelp for dykk.
3. På nytt slår eg fast at kvar den som lèt seg omskjera, er skuldig til å halda heile lova.
4. De som vil bli rettferdige ved lova, er skilde frå Kristus; de er falne ut av nåden.
5. Men vi ventar i Anden, ved tru, på den rettferda som er vår von.
6. For i Kristus Jesus gjeld det verken å vera omskoren eller å vera uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik.
7. De var komne godt i gang med løpet. Kven er det som har hindra dykk i å vera lydige mot sanninga?
8. Kven har overtala dykk? Ikkje han som kalla dykk!
9. Litt surdeig gjennomsyrar heile deigen.
10. Men i Herren har eg den tiltru til dykk at de ikkje vil tenkja annleis enn eg gjer. Den som forvirrar dykk, skal få sin dom, kven han så er.