Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 4:2-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Han står under formyndarar og hushaldarar heilt fram til den tida far hans har fastsett.

3. Slik er det òg med oss. Då vi var umyndige, var vi slavar under grunnkreftene i verda.

4. Men då tida var fullkomen, sende Gud sin eigen Son, fødd av ei kvinne, fødd under lova.

5. Han skulle kjøpa fri dei som var under lova, så vi kunne få retten til å vera Guds born.

6. Og sidan de er born, har Gud sendt sin Sons Ande inn i hjarta våre, og Anden ropar: «Abba, Far!»

7. Difor er du ikkje lenger slave, men son. Og er du son, då er du òg arving, innsett av Gud.

8. Den tid de ikkje kjende Gud, var de slavar under gudar som ikkje er verkelege gudar.

9. Men no når de kjenner Gud – nei, meir enn det, når de er kjende av Gud – korleis kan de no på nytt venda attende til desse veike og fattige grunnkreftene? Vil de på nytt vera slavar under dei?

10. De held nøye rekning med dagar og månader, høgtider og år!

11. Eg er redd at eg har streva med dykk til inga nytte.

12. Eg bed dykk, sysken: Ver som eg, for eg har vorte som de er! De har ikkje gjort urett mot meg.

13. For de veit at det var på grunn av ein sjukdom eg fekk forkynna evangeliet for dykk første gongen.

14. Men de lét dykk ikkje freista av dette til å forakta eller avsky meg; de tok imot meg som ein engel frå Gud, ja, som Kristus Jesus sjølv.

Les hele kapitlet Galatarane 4