Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 4:15-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Men kvar har gleda dykkar no vorte av? Det vitnemålet gjev eg dykk at de gjerne hadde rive ut auga og gjeve meg, om det lét seg gjera.

16. Har eg no vorte ein fiende fordi eg seier dykk sanninga?

17. Dei andre er etter dykk med ein iver som ikkje er av det gode, for dei vil skilja dykk frå oss og gjera dykk til sine tilhengjarar.

18. Det er vel og bra at somme er ivrige alltid og ikkje berre når eg er hos dykk, men det må vera ein iver for det gode.

19. Mine born, som eg på nytt føder med smerte til den tid Kristus tek skapnad i dykk

20. – eg skulle ønskja eg var hos dykk så eg kunne bruka ein annan tone når eg talar, for eg veit inga råd med dykk.

21. Sei meg, de som vil vera under lova: Høyrer de ikkje på lova?

22. Det står skrive at Abraham hadde to søner, ein med slavekvinna og ein med den frie kvinna.

23. Son til slavekvinna er fødd etter naturens orden, medan son til den frie kvinna er fødd etter Guds lovnad.

24. Dette har ei djupare meining. Dei to kvinnene står for to pakter. Den eine, Hagar, er pakta frå Sinai-fjellet; ho føder til slaveri.

25. Hagar står for Sinai-fjellet i Arabia og svarar til det noverande Jerusalem, som lever i slaveri med borna sine.

26. Men det Jerusalem som er i det høge, er fritt, og det er vår mor. For det står skrive:

27. Gled deg, du barnlause, som ikkje fødde. Bryt ut i jubel, du som ikkje fekk rier. For den einslege kvinna har fleire born enn ho som har mann.

28. Og de, sysken, er born ut frå lovnaden liksom Isak.

29. Men han som var fødd etter naturens orden, forfølgde den gongen han som var fødd ved Anden, og slik er det i dag òg.

30. Men kva seier Skrifta? Driv bort slavekvinna og son hennar! For son til slavekvinna skal ikkje arva saman med son til den frie kvinna.

31. Difor, sysken, er vi ikkje born av slavekvinna, men av den frie kvinna.

Les hele kapitlet Galatarane 4