Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 4:13-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. For de veit at det var på grunn av ein sjukdom eg fekk forkynna evangeliet for dykk første gongen.

14. Men de lét dykk ikkje freista av dette til å forakta eller avsky meg; de tok imot meg som ein engel frå Gud, ja, som Kristus Jesus sjølv.

15. Men kvar har gleda dykkar no vorte av? Det vitnemålet gjev eg dykk at de gjerne hadde rive ut auga og gjeve meg, om det lét seg gjera.

16. Har eg no vorte ein fiende fordi eg seier dykk sanninga?

17. Dei andre er etter dykk med ein iver som ikkje er av det gode, for dei vil skilja dykk frå oss og gjera dykk til sine tilhengjarar.

18. Det er vel og bra at somme er ivrige alltid og ikkje berre når eg er hos dykk, men det må vera ein iver for det gode.

19. Mine born, som eg på nytt føder med smerte til den tid Kristus tek skapnad i dykk

20. – eg skulle ønskja eg var hos dykk så eg kunne bruka ein annan tone når eg talar, for eg veit inga råd med dykk.

Les hele kapitlet Galatarane 4