Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 4:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Lat meg forklara dette. Så lenge ein arving er umyndig, er det ingen skilnad på han og slaven, endå han er herre over alt saman.

2. Han står under formyndarar og hushaldarar heilt fram til den tida far hans har fastsett.

3. Slik er det òg med oss. Då vi var umyndige, var vi slavar under grunnkreftene i verda.

4. Men då tida var fullkomen, sende Gud sin eigen Son, fødd av ei kvinne, fødd under lova.

5. Han skulle kjøpa fri dei som var under lova, så vi kunne få retten til å vera Guds born.

6. Og sidan de er born, har Gud sendt sin Sons Ande inn i hjarta våre, og Anden ropar: «Abba, Far!»

7. Difor er du ikkje lenger slave, men son. Og er du son, då er du òg arving, innsett av Gud.

Les hele kapitlet Galatarane 4