Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 3:20-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Men nokon mellommann trengst ikkje der det berre er éin, og Gud er éin.

21. Er då lova i strid med Guds lovnader? Langt ifrå! For dersom det var gjeve ei lov som kunne gjera levande, då kunne ein verkeleg vinna rettferda ved lova.

22. Men Skrifta har lagt alt under synda, for at dei som trur på Jesus Kristus, ved trua si kan få det som var lova.

23. Før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova; vi var innestengde heilt til den trua som skulle koma, vart openberra.

24. Slik var lova vaktaren vår til Kristus kom, for at vi skulle seiast rettferdige ved tru.

25. Men no når trua er komen, er vi ikkje lenger under vaktaren.

26. De er alle Guds born ved trua, i Kristus Jesus.

27. For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus.

28. Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus.

29. Og høyrer de Kristus til, då er de Abrahams ætt og arvingar etter lovnaden.

Les hele kapitlet Galatarane 3