Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 3:2-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Svar meg på ein ting: Var det ved lovgjerningar de fekk Anden, eller ved å høyra og tru?

3. Er de så vitlause? De tok til ved Anden, vil de no fullføra med kjøtet?

4. Har de opplevd alt dette til inga nytte – om det då verkeleg er til inga nytte?

5. Han som gjev dykk Anden og gjer under mellom dykk, gjer han det ved lovgjerningar eller ved at de høyrer og trur?

6. Om Abraham heiter det: Han trudde Gud, og difor rekna Gud han som rettferdig.

7. Så skjønar de at det er dei som trur, som er Abrahams born.

8. Skrifta såg før det hende at Gud ville rettferdiggjera heidningane ved tru, og på førehand forkynte ho denne gode bodskapen for Abraham: I deg skal alle folkeslag velsignast.

9. Difor blir dei som trur, velsigna saman med den truande Abraham.

10. Men dei som held seg til lovgjerningar, er under forbanning. For det står skrive: Forbanna er kvar den som ikkje held fast på alt det som står skrive i lovboka, og gjer etter det.

11. Det er klårt at ingen blir rettferdig for Gud ved lova, for det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru.

12. Lova spør ikkje etter tru, men seier: Den som lever etter boda, skal ha liv ved dei.

13. Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga under lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre.

14. Slik skulle Abrahams velsigning koma til folkeslaga i Kristus Jesus, så vi ved trua skulle få Anden som var lova.

15. Mine sysken, eg tek eit døme frå dagleglivet. Eit gyldig testamente kan ingen oppheva eller gje noko tillegg, endå det berre er oppretta av eit menneske.

Les hele kapitlet Galatarane 3