Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 3:15-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Mine sysken, eg tek eit døme frå dagleglivet. Eit gyldig testamente kan ingen oppheva eller gje noko tillegg, endå det berre er oppretta av eit menneske.

16. Gud gav lovnadene til Abraham og hans ætt. Det heiter ikkje «til dine ætter», som om det gjaldt mange, men det blir tala om éin, «til di ætt», og det er Kristus.

17. Det eg vil seia, er dette: Ei pakt som Gud alt hadde gjort, kan ikkje setjast til side av lova som kom 430 år seinare, slik at lovnaden dermed skulle bli ugyldig.

18. Om vi fekk arven ved lova, ville det ikkje lenger vera på grunn av lovnaden. Men det var ved ein lovnad Gud i sin nåde gav arven til Abraham.

19. Kva skulle så lova tena til? Ho vart gjeven som eit tillegg på grunn av brota våre, heilt til den ætta kom som lovnaden gjaldt. Lova vart gjeven ved englar, gjennom ein mellommann.

20. Men nokon mellommann trengst ikkje der det berre er éin, og Gud er éin.

21. Er då lova i strid med Guds lovnader? Langt ifrå! For dersom det var gjeve ei lov som kunne gjera levande, då kunne ein verkeleg vinna rettferda ved lova.

22. Men Skrifta har lagt alt under synda, for at dei som trur på Jesus Kristus, ved trua si kan få det som var lova.

23. Før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova; vi var innestengde heilt til den trua som skulle koma, vart openberra.

24. Slik var lova vaktaren vår til Kristus kom, for at vi skulle seiast rettferdige ved tru.

Les hele kapitlet Galatarane 3