Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 3:12-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Lova spør ikkje etter tru, men seier: Den som lever etter boda, skal ha liv ved dei.

13. Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga under lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre.

14. Slik skulle Abrahams velsigning koma til folkeslaga i Kristus Jesus, så vi ved trua skulle få Anden som var lova.

15. Mine sysken, eg tek eit døme frå dagleglivet. Eit gyldig testamente kan ingen oppheva eller gje noko tillegg, endå det berre er oppretta av eit menneske.

16. Gud gav lovnadene til Abraham og hans ætt. Det heiter ikkje «til dine ætter», som om det gjaldt mange, men det blir tala om éin, «til di ætt», og det er Kristus.

17. Det eg vil seia, er dette: Ei pakt som Gud alt hadde gjort, kan ikkje setjast til side av lova som kom 430 år seinare, slik at lovnaden dermed skulle bli ugyldig.

18. Om vi fekk arven ved lova, ville det ikkje lenger vera på grunn av lovnaden. Men det var ved ein lovnad Gud i sin nåde gav arven til Abraham.

19. Kva skulle så lova tena til? Ho vart gjeven som eit tillegg på grunn av brota våre, heilt til den ætta kom som lovnaden gjaldt. Lova vart gjeven ved englar, gjennom ein mellommann.

20. Men nokon mellommann trengst ikkje der det berre er éin, og Gud er éin.

Les hele kapitlet Galatarane 3