Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 3:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Uvituge galatarar! Kven har forheksa dykk, de som har fått Jesus Kristus måla for auga som den krossfeste?

2. Svar meg på ein ting: Var det ved lovgjerningar de fekk Anden, eller ved å høyra og tru?

3. Er de så vitlause? De tok til ved Anden, vil de no fullføra med kjøtet?

4. Har de opplevd alt dette til inga nytte – om det då verkeleg er til inga nytte?

5. Han som gjev dykk Anden og gjer under mellom dykk, gjer han det ved lovgjerningar eller ved at de høyrer og trur?

Les hele kapitlet Galatarane 3