Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 2:17-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Men om det skulle visa seg at vi òg er syndarar, vi som har som mål å bli rettferdige i Kristus, blir ikkje då Kristus ein tenar for synda? Langt ifrå!

18. Dersom eg byggjer opp att det eg sjølv har rive ned, då blir eg ståande som ein lovbrytar.

19. Ved lova døydde eg bort frå lova, så eg kan leva for Gud. Eg er krossfest med Kristus;

20. eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Og det livet eg no lever som menneske av kjøt og blod, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.

21. Eg forkastar ikkje Guds nåde. For dersom vi kan vinna rettferd ved lova, då døydde Kristus til inga nytte.

Les hele kapitlet Galatarane 2