Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 2:14-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Men då eg såg at dei ikkje gjekk beint fram etter sanninga i evangeliet, sa eg til Kefas så alle høyrde på: «Når du som er jøde, sjølv ikkje lever som ein jøde, men som ein heidning, korleis kan du då tvinga heidningane til å leva som jødar?»

15. Vi er av fødsel jødar og ikkje syndarar av heidningætt.

16. Men då vi skjøna at ikkje noko menneske blir rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua på Jesus Kristus, då sette vi òg vår lit til Kristus Jesus, så vi kunne seiast rettferdige ved trua på Kristus og ikkje ved lovgjerningar. For ved lovgjerningar blir ikkje noko menneske rettferdig.

17. Men om det skulle visa seg at vi òg er syndarar, vi som har som mål å bli rettferdige i Kristus, blir ikkje då Kristus ein tenar for synda? Langt ifrå!

18. Dersom eg byggjer opp att det eg sjølv har rive ned, då blir eg ståande som ein lovbrytar.

19. Ved lova døydde eg bort frå lova, så eg kan leva for Gud. Eg er krossfest med Kristus;

20. eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Og det livet eg no lever som menneske av kjøt og blod, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.

Les hele kapitlet Galatarane 2