Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 2:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Fjorten år etter drog eg på nytt opp til Jerusalem, saman med Barnabas; eg hadde òg Titus med meg.

2. Eg reiste dit på grunn av ei openberring. Og i eit særskilt møte med dei mest framståande la eg fram det evangeliet eg forkynner mellom folkeslaga. For eg ville ikkje springa, eller ha sprunge, til inga nytte.

3. Men ikkje eingong Titus, som var med meg, og som er grekar, vart nøydd til å la seg omskjera.

4. Det kravet kom frå nokre falske sysken som hadde lurt seg inn; dei ville spionera på den fridomen vi har i Kristus Jesus, for å gjera oss til slavar.

5. Men ikkje ein augneblink gav vi etter og bøygde oss for dei. For vi ville at sanninga i evangeliet skulle stå fast hos dykk.

6. Og dei som gjekk for å vera noko – kor store dei var, er det same for meg, for Gud gjer ikkje forskjell på folk – dei la ikkje nye krav på meg.

7. Tvert imot skjøna dei at det var tiltrudd meg å forkynna evangeliet for dei uomskorne, slik det var tiltrudd Peter å forkynna for dei omskorne.

8. For han som med si kraft gjorde Peter til apostel for dei omskorne, han gjorde meg til apostel for heidningfolka.

9. Og då Jakob, Kefas og Johannes, dei som blir rekna for å vera sjølve søylene, skjøna kva nåde eg hadde fått, gav dei meg og Barnabas handa til teikn på fellesskap. Vi skulle gå til heidningfolka, dei skulle gå til dei omskorne.

10. Men vi måtte hugsa på dei fattige, og akkurat det har eg lagt vinn på å gjera.

11. Men då Kefas kom til Antiokia, sa eg han imot, beint opp i andletet, for oppførselen hans dømde han.

12. Før det kom nokre frå Jakob, heldt han måltid saman med dei heidningkristne. Men då dei kom, trekte han seg bort og heldt seg unna, for han var redd dei omskorne.

13. På same måten hykla dei andre jødekristne, så til og med Barnabas vart dregen med i hykleriet deira.

14. Men då eg såg at dei ikkje gjekk beint fram etter sanninga i evangeliet, sa eg til Kefas så alle høyrde på: «Når du som er jøde, sjølv ikkje lever som ein jøde, men som ein heidning, korleis kan du då tvinga heidningane til å leva som jødar?»

15. Vi er av fødsel jødar og ikkje syndarar av heidningætt.

Les hele kapitlet Galatarane 2