Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 1:4-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. han som gav seg sjølv for våre synder så han etter Gud, vår Fars vilje kunne fri oss ut frå den vonde tida vi no lever i.

5. Han vere ære i all æve! Amen.

6. Det undrar meg at de så raskt vender dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, og til eit anna evangelium.

7. Men det finst ikkje noko anna; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium.

8. Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi forkynte dykk, forbanna vere han!

9. Vi har sagt det før, og eg seier det på nytt: Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de har motteke, forbanna vere han!

10. Prøver eg no å vinna velvilje frå menneske – eller frå Gud? Vil eg kanskje gjera menneske til lags? Var det framleis menneske eg ville vera til lags, då var eg ikkje Kristi tenar.

11. For eg kunngjer dykk, sysken: Det evangeliet eg har forkynt, er ikkje menneskeverk.

12. Heller ikkje har eg fått det eller lært det av noko menneske; nei, det var Jesus Kristus som openberra seg for meg.

13. De har høyrt korleis eg fór fram medan eg levde som jøde, kor hardt eg forfølgde Guds kyrkje og ville utrydda henne.

14. Eg gjekk lenger i jødedomen enn mange av jamaldringane i folket mitt og brann endå sterkare av iver for overleveringane frå fedrane.

15. Men Gud, som valde meg ut allereie i mors liv og kalla meg ved sin nåde, ville i sin godleik

Les hele kapitlet Galatarane 1