Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 1:19-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Nokon annan av apostlane trefte eg ikkje, utanom Jakob, Herrens bror.

20. Gud veit at det eg skriv til dykk, ikkje er løgn!

21. Sidan kom eg til Syria og Kilikia.

22. Forsamlingane i Judea, dei som er i Kristus, kjende meg ikkje personleg.

23. Dei hadde berre høyrt at det vart sagt: Han som før forfølgde oss, forkynner no sjølv den trua han freista å utrydda.

24. Og dei lova Gud på grunn av meg.

Les hele kapitlet Galatarane 1