Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 1:13-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. De har høyrt korleis eg fór fram medan eg levde som jøde, kor hardt eg forfølgde Guds kyrkje og ville utrydda henne.

14. Eg gjekk lenger i jødedomen enn mange av jamaldringane i folket mitt og brann endå sterkare av iver for overleveringane frå fedrane.

15. Men Gud, som valde meg ut allereie i mors liv og kalla meg ved sin nåde, ville i sin godleik

16. openberra sin Son for meg, så eg skulle forkynna evangeliet om han for folkeslaga. Då spurde eg ikkje nokon av kjøt og blod til råds.

17. Heller ikkje drog eg opp til Jerusalem, til dei som var apostlar før meg. Eg fór til Arabia, og sidan vende eg attende til Damaskus.

18. Først tre år seinare drog eg til Jerusalem for å få vita meir av Kefas, og eg vart verande hos han i fjorten dagar.

19. Nokon annan av apostlane trefte eg ikkje, utanom Jakob, Herrens bror.

20. Gud veit at det eg skriv til dykk, ikkje er løgn!

21. Sidan kom eg til Syria og Kilikia.

Les hele kapitlet Galatarane 1