Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 1:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Paulus, apostel, ikkje utsend av menneske eller ved noko menneske, men av Jesus Kristus og av Gud, vår Far, som reiste han opp frå dei døde –

2. eg, Paulus, og alle syskena som er i lag med meg her, helsar forsamlingane i Galatia:

3. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus,

4. han som gav seg sjølv for våre synder så han etter Gud, vår Fars vilje kunne fri oss ut frå den vonde tida vi no lever i.

5. Han vere ære i all æve! Amen.

6. Det undrar meg at de så raskt vender dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, og til eit anna evangelium.

7. Men det finst ikkje noko anna; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium.

8. Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi forkynte dykk, forbanna vere han!

9. Vi har sagt det før, og eg seier det på nytt: Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de har motteke, forbanna vere han!

10. Prøver eg no å vinna velvilje frå menneske – eller frå Gud? Vil eg kanskje gjera menneske til lags? Var det framleis menneske eg ville vera til lags, då var eg ikkje Kristi tenar.

Les hele kapitlet Galatarane 1