Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filipparane 4:2-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Eg påminner Evodia, og Syntyke like eins: De må bli samde i Herren!

3. Og eg bed deg, du som med rette heiter Synzygos, at du må hjelpa desse to. For dei har stridd med meg for evangeliet, saman med Klemens og dei andre medarbeidarane mine, dei som har namna sine skrivne i livsens bok.

4. Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk!

5. Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær.

6. Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.

Les hele kapitlet Filipparane 4