Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filipparane 4:18-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Med dette stadfester eg at alt er motteke, og at eg no har nok. Ja, eg har meir enn nok etter at Epafroditus kom med sendinga frå dykk. Det var som ein god ange, eit offer Gud tek imot med glede.

19. Så skal min Gud, som er så rik på herlegdom i Kristus Jesus, gje dykk alt de treng.

20. Vår Gud og Far vere ære i all æve! Amen.

21. Hels kvar og ein av dei heilage i Kristus Jesus. Syskena våre som er saman med meg, helsar dykk.

22. Og alle dei heilage helsar dykk, mest dei som er i teneste hos keisaren.

Les hele kapitlet Filipparane 4