Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filipparane 2:8-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. fornedra han seg sjølvog vart lydig til døden, ja, døden på krossen.

9. Difor har òg Gudopphøgd han til det høgsteog gjeve han namnet over alle namn.

10. I Jesu namn skal diforkvart kne bøya seg,i himmelen, på jorda og under jorda,

11. og kvar tunge vedkjennaat Jesus Kristus er Herre,til Gud Faders ære!

12. Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hos dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse med respekt og ærefrykt.

13. For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje.

14. Gjer alt utan murring og misnøye,

15. så de kan vera lytefrie og reine, Guds ulastelege born midt i ei vrang og villfaren slekt. Mellom dei skin de som stjerner på nattehimmelen

16. når de held fast på livsens ord, og då skal eg få den ros på Kristi dag at løpet mitt og strevet mitt ikkje har vore bortkasta.

17. Ja, om så eg sjølv skal ofrast når eg gjer altarteneste og ber dykkar tru fram som offer, er eg likevel glad og gleder meg saman med dykk alle.

18. Like eins skal de òg vera glade og gleda dykk saman med meg.

19. I Herren Jesus har eg den vona at eg snart kan senda Timoteus til dykk, så eg òg kan få nytt mot når eg får høyra korleis det går med dykk.

20. Eg har ingen som han, ingen som så ærleg kan ha omsorg for dykk.

Les hele kapitlet Filipparane 2