Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filipparane 2:26-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Han lengta etter dykk alle og var uroleg fordi de hadde høyrt at han var sjuk.

27. Han var alvorleg sjuk, ja, døden nær. Men Gud miskunna seg over han, ja, ikkje berre over han, men òg over meg, så eg ikkje skulle få sorg på sorg.

28. Difor var det endå viktigare for meg å senda han til dykk, så de kan gleda dykk over å sjå han att og eg kan ha ei sorg mindre.

29. Ta imot han i Herrens namn med inderleg glede, og hald slike som han høgt i ære.

30. Det var i arbeidet for Kristus han var døden nær; han våga livet for å gje meg det som mangla i den hjelpa eg fekk frå dykk.

Les hele kapitlet Filipparane 2