Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filipparane 1:24-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Men for dykkar skuld er det naudsynt at eg får leva vidare,

25. og fordi eg er viss på dette, veit eg at eg skal få leva, ja, bli verande hos dykk alle og hjelpa dykk til framgang og glede i trua.

26. Då skal de få rikeleg grunn til å vera glade og stolte i Kristus Jesus for mi skuld, når eg på nytt kjem til dykk.

27. Så gjeld det berre at de lever eit liv som er Kristi evangelium verdig. Om eg sjølv kjem og ser dykk, eller om eg er borte, så lat meg få høyra at de står saman i éi ånd, kjempar med eitt sinn for trua på evangeliet

28. og ikkje på nokon måte lèt dykk skremma av motstandarane. Dette er eit teikn frå Gud, eit teikn som varslar fortaping for dei, men frelse for dykk.

29. For den nåden er gjeven dykk for Kristi skuld, ikkje berre å tru på han, men òg å lida for han.

30. De står i same striden som de såg at eg stod i, og som de no høyrer at eg framleis står i.

Les hele kapitlet Filipparane 1