Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filipparane 1:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Paulus og Timoteus, Kristi Jesu tenarar, helsar alle dei heilage i Kristus Jesus som bur i Filippi, med tilsynsmenn og diakonar:

2. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

3. Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk.

4. Og alltid, i alle mine bøner, bed eg for dykk alle med glede.

5. For heilt frå første dagen og fram til no har de hatt del med meg i evangeliet.

6. Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

7. Med rette tenkjer eg slik om dykk alle, for eg ber dykk i hjartet. Både når eg er i lenkjer, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet, har de alle fellesskap med meg i nåden.

8. Ja, Gud er mitt vitne, eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag.

9. Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt,

10. så de kan skjøna og avgjera kva som er viktig, og stå reine og ulastelege på Kristi dag,

11. fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, til lov og ære for Gud.

12. Eg vil de skal vita, sysken, at det som har hendt meg, har tent til framgang for evangeliet.

Les hele kapitlet Filipparane 1