Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filemon 1:3-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

4. Eg takkar alltid min Gud når eg hugsar på deg i bønene mine.

5. For eg høyrer om kjærleiken din til alle dei heilage og om trua di på Herren Jesus.

6. Eg bed om at den trua som du har felles med oss, må vera verksam, så du kan skjøna alt det gode vi har i Kristus.

7. Kjærleiken din har vore ei stor glede og ei trøyst for meg, kjære bror, og dei heilage har kjent seg styrkte takka vere deg.

8. I Kristus kunne eg nok med full rett påleggja deg å gjera di plikt.

9. Men for kjærleiken skuld kjem eg heller med ei bøn. Her er eg, den aldrande Paulus, no òg som Kristi Jesu fange,

10. og eg bed deg for barnet mitt som eg har fått her eg sit i lenkjer: Onesimos.

11. Ein gong var han unyttig for deg, men no er han nyttig for både meg og deg.

12. Når eg no sender han tilbake til deg, er det som om eg sender mitt eige hjarte.

13. Eg hadde gjerne hatt han hos meg, så han i din stad kunne tena meg når eg no er i lenkjer for evangeliet.

14. Men utan ditt samtykke ville eg ikkje gjera nokon ting, så du ikkje skal gjera det gode av tvang, men av fri vilje.

Les hele kapitlet Filemon 1