Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Efesarane 5:19-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. og syng saman, med salmar og hymner og åndelege songar. Syng og spel av hjartet for Herren!

20. Takk alltid vår Gud og Far for alle ting i namnet åt vår Herre Jesus Kristus.

21. Ver underordna kvarandre i ærefrykt for Kristus,

22. de kvinner under dykkar ektemenn som under Herren sjølv.

23. For mannen er hovudet for kvinna liksom Kristus er hovudet for kyrkja; han er frelsar for kroppen sin.

24. Liksom kyrkja underordnar seg Kristus, skal ei kvinne underordna seg mannen sin i alle ting.

25. Menn, elsk konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne,

26. så han kunne gjera henne heilag og reinsa henne med badet i vatn, i kraft av eit ord.

27. På den måten ville han stilla henne fram for seg i herlegdom utan den minste flekk eller rynke. Heilag og lytefri skulle ho vera.

28. På same måten skal mennene elska konene sine som sin eigen kropp. Den som elskar kona si, elskar seg sjølv.

29. Ingen har nokon gong hata sin eigen kropp, nei, ein gjev kroppen næring og tek seg av han slik Kristus gjer med kyrkja.

Les hele kapitlet Efesarane 5