Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Efesarane 5:11-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Ta ikkje del i dei gjerningane som høyrer mørkret til, for dei ber inga frukt; avslør dei heller.

12. Det som slike folk driv med i løynd, er det ei skam berre å nemna.

13. Men alt kjem for dagen når lyset får avsløra det,

14. og alt som kjem for dagen, er lys. Difor heiter det:Vakna, du som søv,stå opp frå dei døde,og Kristus skal lysa for deg.

15. Pass difor nøye på korleis de lever, ikkje som ukloke, men som kloke menneske,

16. så de nyttar den dyrebare tida godt, for dagane er vonde.

17. Ver ikkje uforstandige, men forstå kva som er Herrens vilje.

18. Drikk dykk ikkje fulle av vin, det fører til utskeiing, men bli fylte av Anden

19. og syng saman, med salmar og hymner og åndelege songar. Syng og spel av hjartet for Herren!

20. Takk alltid vår Gud og Far for alle ting i namnet åt vår Herre Jesus Kristus.

21. Ver underordna kvarandre i ærefrykt for Kristus,

22. de kvinner under dykkar ektemenn som under Herren sjølv.

23. For mannen er hovudet for kvinna liksom Kristus er hovudet for kyrkja; han er frelsar for kroppen sin.

24. Liksom kyrkja underordnar seg Kristus, skal ei kvinne underordna seg mannen sin i alle ting.

25. Menn, elsk konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne,

26. så han kunne gjera henne heilag og reinsa henne med badet i vatn, i kraft av eit ord.

Les hele kapitlet Efesarane 5