Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Efesarane 5:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ja, likna Gud, de som er hans kjære born.

2. Lev i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss som ei gåve og eit offer, ein velluktande ange for Gud.

3. Hor, alle slag ureinskap og eigesjuke må ikkje eingong nemnast mellom dykk; slikt sømer seg ikkje mellom dei heilage.

4. Rå ord, tåpeleg tale og grovt snakk er òg uhøveleg. Sei heller Gud takk!

5. For det skal de vita at ingen som driv hor, lever eit ureint liv eller er eigesjuk, har arverett til Kristi og Guds rike, for dette er avgudsdyrking.

6. Lat ingen narra dykk med tomme ord, for det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige.

7. Gjer ikkje felles sak med slike!

8. Ein gong var de sjølve mørker, men no – i Herren – er de lys. Så lev som born av lyset!

9. For fruktene av lyset viser seg i alt som er godt, i rettferd og i sanning.

Les hele kapitlet Efesarane 5