Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Efesarane 4:7-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Til kvar einskild av oss er nåden gjeven, alt etter som Kristi gåve blir tilmålt.

8. Difor heiter det: Han steig opp i det høge og førte bort fangar, han gav menneska gåver.

9. Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han først hadde stige ned til det aller lågaste, til jorda?

10. Han som steig ned, er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt.

11. Og det var han som gav somme til å vera apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar.

12. Slik kunne dei heilage bli utrusta til teneste og Kristi kropp byggjast opp,

13. til vi alle når fram til einskapen i trua på Guds Son og i kjennskapen til han og blir det mogne mennesket som har nådd sin fulle vekst og har heile Kristi fylde.

Les hele kapitlet Efesarane 4