Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Efesarane 4:3-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Gjer alt de kan for å ta vare på einskapen i Anden, i den fred som bind saman:

4. éin kropp og éin Ande,liksom de fekk éi von då de vart kalla,

5. éin Herre, éi tru, éin dåp,

6. éin Gud og Far for alle,han som er over alleog gjennom alle og i alle.

7. Til kvar einskild av oss er nåden gjeven, alt etter som Kristi gåve blir tilmålt.

8. Difor heiter det: Han steig opp i det høge og førte bort fangar, han gav menneska gåver.

9. Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han først hadde stige ned til det aller lågaste, til jorda?

10. Han som steig ned, er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt.

11. Og det var han som gav somme til å vera apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar.

12. Slik kunne dei heilage bli utrusta til teneste og Kristi kropp byggjast opp,

13. til vi alle når fram til einskapen i trua på Guds Son og i kjennskapen til han og blir det mogne mennesket som har nådd sin fulle vekst og har heile Kristi fylde.

14. Så skal vi ikkje lenger vera umyndige småborn, ikkje bli kasta hit og dit og drivne omkring ved kvart vindpust av ny lære, så vi blir eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster.

15. Nei, vi skal vera trufaste mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus.

Les hele kapitlet Efesarane 4