Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Efesarane 4:12-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Slik kunne dei heilage bli utrusta til teneste og Kristi kropp byggjast opp,

13. til vi alle når fram til einskapen i trua på Guds Son og i kjennskapen til han og blir det mogne mennesket som har nådd sin fulle vekst og har heile Kristi fylde.

14. Så skal vi ikkje lenger vera umyndige småborn, ikkje bli kasta hit og dit og drivne omkring ved kvart vindpust av ny lære, så vi blir eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster.

15. Nei, vi skal vera trufaste mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus.

16. Ut frå han blir heile kroppen sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmålt. Slik veks kroppen og blir oppbygd i kjærleik.

17. Så bed eg dykk inntrengjande i Herren: Lev ikkje lenger slik som heidningane! Tankane deira er tomme,

18. vitet deira er formørkt, og dei er framande for livet i Gud. Dei kjenner han ikkje, og hjartet deira er forherda.

19. Dei har vorte kjenslelause og har gjeve seg over til eit utsvevande liv, dei er ureine og grådige i alt det dei gjer.

20. Men slik er det ikkje med dykk; de har lært Kristus å kjenna!

21. For de har høyrt han og vorte underviste i han etter den sanninga som er i Jesus.

Les hele kapitlet Efesarane 4