Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Efesarane 4:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så legg eg dykk på hjartet, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått:

2. mildt, audmjukt og tolmodig, så de ber over med kvarandre i kjærleik.

3. Gjer alt de kan for å ta vare på einskapen i Anden, i den fred som bind saman:

4. éin kropp og éin Ande,liksom de fekk éi von då de vart kalla,

5. éin Herre, éi tru, éin dåp,

6. éin Gud og Far for alle,han som er over alleog gjennom alle og i alle.

7. Til kvar einskild av oss er nåden gjeven, alt etter som Kristi gåve blir tilmålt.

8. Difor heiter det: Han steig opp i det høge og førte bort fangar, han gav menneska gåver.

Les hele kapitlet Efesarane 4