Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Efesarane 3:14-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Difor bøyer eg mine kne for Far,

15. han som har gjeve namn til alt som heiter far i himmel og på jord.

16. Må han som er så rik på herlegdom,styrkja dykkar indre menneske med kraft ved sin Ande.

17. Må Kristus ta bustad i hjarta dykkar ved truaog de stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik.

18. Må de saman med alle dei heilagefå styrke til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn,

19. ja, kjenna Kristi kjærleik, som er større enn nokon kan forstå.Må de bli oppfylte med heile Guds fylde!

20. Han som verkar i oss med si kraftog kan gjera så uendeleg mykje meirenn alt det vi bed om og skjønar,

21. han vere ære i forsamlinga og i Kristus Jesusgjennom alle slekter og i alle æver! Amen.

Les hele kapitlet Efesarane 3