Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Efesarane 1:5-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. og etter sin eigen gode viljeavgjorde han på førehandat vi skulle få rett til å verahans born ved Jesus Kristus,

6. til lov og pris for hans herlegdom og nåde,som han så rikeleg gav ossi han som han elskar så høgt.

7. I han har vi fridomen,kjøpt med hans blod,tilgjeving for syndene.For så rik er Guds nåde,

8. som han lét strøyma over ossmed all visdom og forstand,

9. då han gjorde kjent for osssin viljes mysterium,det han gjerne ville gjera i han.

10. Han ville fullføra sin frelseplandå tida var fullmogen:å samla alt til eitt i Kristus,alt i himmelen og på jorda i han.

11. I han fekk vi òg arverett,slik det frå først var tiltenkt ossetter forsettet til han som gjennomfører altetter sin eigen plan og vilje,

12. så vi som alt har sett vår vontil Kristus,skal vera til lov og prisfor hans herlegdom.

13. I han høyrde de sanningsordet,evangeliet om frelsa dykkar.I han kom de òg til tru,merkte med seglet til Anden,Den Heilage, han som var lova,

14. han som er pantet på arventil Guds eige folk blir sett fri,til lov og pris for hans herlegdom.

3f. 1 Tess 12+ Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg hugsar på dykk i bønene mine. For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage.

17. Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje dykk visdoms og openberrings Ande, så de lærer Gud å kjenna.

Les hele kapitlet Efesarane 1