Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Efesarane 1:18-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Må han lysa opp auga til dykkar hjarte, så de får innsikt i kva håp han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage

19. og kor overveldande hans kraft er mellom oss som trur. For hans makt og styrke er veldig.

20. Med denne krafta reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved Guds høgre hand i himmelen,

21. over alle makter og herredøme, over alt velde og alle som styrer, og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne tidsalderen, men òg i den komande.

22. Alt la han under hans føter, og han som er hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja,

23. som er Kristi kropp, fylt av han som fyller alt i alle.

Les hele kapitlet Efesarane 1