Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 9:40-43 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

40. Peter sende alle ut og la seg på kne og bad. Så snudde han seg mot den døde og sa: «Tabita, stå opp!» Ho opna auga, og då ho såg Peter, sette ho seg opp.

41. Han rette henne handa og reiste henne opp. Så kalla han inn enkjene og dei heilage og viste dei at ho levde.

42. Dette vart kjent over heile Jaffa, og mange kom til tru på Herren.

43. Peter vart buande ei tid i Jaffa hos ein garvar som heitte Simon.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 9