Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 9:38-43 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

38. Jaffa er ikkje langt frå Lod. Og då læresveinane fekk høyra at Peter var der, sende dei to menn til han med dette bodet: «Kom hit så fort du kan!»

39. Peter gjorde seg ferdig og vart med dei. Då han kom fram, følgde dei han opp på rommet, der alle enkjene samla seg gråtande omkring han. Dei viste fram kjortlane og kappene som Dorkas hadde sydd medan ho endå var mellom dei.

40. Peter sende alle ut og la seg på kne og bad. Så snudde han seg mot den døde og sa: «Tabita, stå opp!» Ho opna auga, og då ho såg Peter, sette ho seg opp.

41. Han rette henne handa og reiste henne opp. Så kalla han inn enkjene og dei heilage og viste dei at ho levde.

42. Dette vart kjent over heile Jaffa, og mange kom til tru på Herren.

43. Peter vart buande ei tid i Jaffa hos ein garvar som heitte Simon.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 9