Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 9:24-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Men Saulus fekk høyra om planen deira. Dag og natt heldt dei vakt, også ved byportane, for å drepa han.

25. Men læresveinane hans fekk han ut om natta; dei firte han nedetter muren i ei korg.

26. Då han kom til Jerusalem, freista han å koma inn blant læresveinane. Men alle var redde han, for dei stolte ikkje på at han var ein læresvein.

27. Då tok Barnabas han med seg til apostlane. Og han fortalde dei korleis Saulus på vegen hadde sett Herren, som hadde tala til han, og korleis han med frimod hadde forkynt i Jesu namn i Damaskus.

28. Sidan gjekk han ut og inn med dei i Jerusalem og tala frimodig i Herrens namn.

29. Han tala òg med dei gresktalande jødane og gav seg i ordskifte med dei. Men dei freista å drepa han.

30. Då brørne fekk vita det, førte dei han til Cæsarea og sende han derifrå til Tarsos.

31. Kyrkja hadde no fred over heile Judea og Galilea og Samaria. Ho vart bygd opp og levde i ærefrykt for Herren, og styrkt av Den heilage ande auka ho meir og meir.

32. Medan Peter reiste omkring overalt, hende det at han kom ned til dei heilage som budde i Lod.

33. Der fekk han sjå ein mann som var lam og hadde lege til sengs i åtte år. Han heitte Æneas.

34. Peter sa til han: «Æneas, Jesus Kristus gjer deg frisk. Stå opp og rei senga di!» Straks reiste han seg opp.

35. Og alle dei som budde i Lod og på Saron-sletta, fekk sjå han og vende om til Herren.

36. I Jaffa budde det ein kvinneleg læresvein som heitte Tabita, på gresk Dorkas. Ho gjorde mykje godt og tok seg av dei fattige.

37. Men på den tida vart ho sjuk og døydde. Dei vaska henne og la henne i eit rom ovanpå.

38. Jaffa er ikkje langt frå Lod. Og då læresveinane fekk høyra at Peter var der, sende dei to menn til han med dette bodet: «Kom hit så fort du kan!»

39. Peter gjorde seg ferdig og vart med dei. Då han kom fram, følgde dei han opp på rommet, der alle enkjene samla seg gråtande omkring han. Dei viste fram kjortlane og kappene som Dorkas hadde sydd medan ho endå var mellom dei.

40. Peter sende alle ut og la seg på kne og bad. Så snudde han seg mot den døde og sa: «Tabita, stå opp!» Ho opna auga, og då ho såg Peter, sette ho seg opp.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 9