Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 9:21-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Alle som høyrde på, vart fulle av undring og sa: «Er ikkje dette han som i Jerusalem ville rydda ut alle som kallar på dette namnet? Og kom han ikkje hit for å føra dei i lenkjer til overprestane?»

22. Men Saulus fekk meir og meir kraft, og jødane i Damaskus vart svar skuldige då han viste dei klårt at Jesus er Messias.

23. Då det hadde gått ei tid, vart jødane samde om å drepa han.

24. Men Saulus fekk høyra om planen deira. Dag og natt heldt dei vakt, også ved byportane, for å drepa han.

25. Men læresveinane hans fekk han ut om natta; dei firte han nedetter muren i ei korg.

26. Då han kom til Jerusalem, freista han å koma inn blant læresveinane. Men alle var redde han, for dei stolte ikkje på at han var ein læresvein.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 9