Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 9:2-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. og bad om brev til synagogane i Damaskus, så han kunne finna dei som høyrde Vegen til, både menn og kvinner, og føra dei i lenkjer til Jerusalem.

3. Men då han var på veg og nærma seg Damaskus, stråla det brått eit lys frå himmelen omkring han.

4. Han stupte til jorda og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg?»

5. «Kven er du, Herre?» spurde Saulus. Han svara: «Eg er Jesus, han som du forfølgjer.

6. Stå opp og gå inn i byen! Der skal dei seia deg kva du skal gjera.»

7. Mennene som følgde han, stod mållause; dei høyrde røysta, men såg ikkje nokon.

8. Saulus reiste seg opp, men då han opna auga, kunne han ikkje sjå. Så tok dei han i handa og leidde han inn til Damaskus.

9. I tre dagar sat han der utan å sjå noko, og han verken åt eller drakk.

10. I Damaskus var det ein læresvein som heitte Ananias. I eit syn sa Herren til han: «Ananias!» Han svara: «Her er eg, Herre.»

11. Og Herren sa: «Gå bort i den gata som dei kallar Den beine, og i huset til Judas skal du spørja etter ein som heiter Saulus og er frå Tarsos. For sjå, han bed.

12. Og han har hatt eit syn og sett ein mann som heiter Ananias koma og leggja hendene på han, så han kan få att synet.»

13. Men Ananias svara: «Herre, eg har høyrt mange fortelja om denne mannen og om alt det vonde han har gjort mot dine heilage i Jerusalem.

14. Og han er komen hit med fullmakt frå overprestane for å leggja i lenkjer alle som kallar på ditt namn.»

15. Men Herren sa til han: «Berre gå du! Han er ein reiskap som eg har valt meg ut til å bera namnet mitt fram for heidningfolk og kongar og for Israels folk.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 9