Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 9:13-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Men Ananias svara: «Herre, eg har høyrt mange fortelja om denne mannen og om alt det vonde han har gjort mot dine heilage i Jerusalem.

14. Og han er komen hit med fullmakt frå overprestane for å leggja i lenkjer alle som kallar på ditt namn.»

15. Men Herren sa til han: «Berre gå du! Han er ein reiskap som eg har valt meg ut til å bera namnet mitt fram for heidningfolk og kongar og for Israels folk.

16. Eg skal visa han kor mykje han må lida for mitt namn skuld.»

17. Så gjekk Ananias. Då han kom inn i huset, la han hendene på Saulus og sa: «Saul, bror! Herren sjølv, Jesus som synte seg for deg på vegen, har sendt meg for at du skal få att synet og bli fylt av Den heilage ande.»

18. Og straks fall det liksom skjel frå auga hans, og han fekk att synet. Han stod opp og vart døypt.

19. Så fekk han mat og kom til krefter.Han vart verande nokre dagar saman med læresveinane i Damaskus,

20. der han straks forkynte Jesus i synagogane og sa: «Han er Guds Son.»

21. Alle som høyrde på, vart fulle av undring og sa: «Er ikkje dette han som i Jerusalem ville rydda ut alle som kallar på dette namnet? Og kom han ikkje hit for å føra dei i lenkjer til overprestane?»

22. Men Saulus fekk meir og meir kraft, og jødane i Damaskus vart svar skuldige då han viste dei klårt at Jesus er Messias.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 9