Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 8:6-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Og alle som ein følgde godt med på det Filip sa når dei høyrde han og såg dei teikna han gjorde.

7. For mange hadde ureine ånder i seg, og dei fór ut med høge skrik, og mange lamme og halte vart lækte.

8. Det vart stor glede der i byen.

9. Ein mann som heitte Simon, hadde fare med trolldom i byen og sett folket i Samaria i stor undring. Han gav seg ut for å vera noko stort.

10. Alle var opptekne av han, og både små og store sa: «Han er den Guds kraft som kallast Den store.»

11. Dei slutta seg til han fordi han i lang tid hadde sett dei i undring med trolldomskunstene sine.

12. Då dei begynte å tru Filip, som forkynte evangeliet om Guds rike og Jesu Kristi namn, lét dei seg døypa, både menn og kvinner.

13. Simon kom òg til tru. Etter at han var døypt, heldt han seg stadig til Filip og undra seg over dei teikn og mektige gjerningar som han såg.

14. Då apostlane i Jerusalem fekk høyra at Samaria hadde teke imot Guds ord, sende dei Peter og Johannes dit.

15. Dei kom ned og bad for dei truande, at dei måtte få Den heilage ande.

16. For Anden var endå ikkje komen over nokon av dei; dei var berre døypte til Herren Jesu namn.

17. No la dei hendene på dei, og dei fekk Den heilage ande.

18. Men då Simon såg at Anden vart gjeven når apostlane la hendene på dei, baud han dei pengar

19. og sa: «Gjev meg òg denne makta, så den eg legg hendene på, kan få Den heilage ande!»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 8