Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 8:25-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Etter at dei hadde bore fram vitnemålet sitt og tala Herrens ord, drog dei tilbake til Jerusalem, og på vegen forkynte dei evangeliet i mange av landsbyane i Samaria.

26. Ein engel frå Herren tala til Filip og sa: «Gjer deg ferdig og gå sørover på vegen som fører frå Jerusalem til Gaza.» Dette er ei aud strekning.

27. Filip gjorde seg ferdig og tok ut. Då fekk han sjå ein etiopisk hoffmann, ein høg embetsmann som hadde tilsyn med skattkammeret hos Kandake, dronninga i Etiopia. No hadde han vore i Jerusalem for å tilbe.

28. Han var på veg heim og sat i vogna si og las frå profeten Jesaja.

29. Då sa Anden til Filip: «Gå bort og hald deg attmed den vogna.»

30. Filip sprang dit bort og høyrde at han las frå profeten Jesaja. «Skjønar du det du les?» spurde han.

31. «Korleis kan eg vel det når ingen rettleier meg?» svara han. Og han bad Filip koma opp og setja seg ved sida av han.

32. Det stykket i Skrifta som han las, var dette: Lik ein sau dei fører til slakting, lik eit lam som teier når det blir klipt, lét han ikkje opp sin munn.

33. Då han var fornedra, vart dommen over han bortteken. Kven kan fortelja om hans ætt? For livet hans er rykt bort frå jorda.

34. Hoffmannen sa då til Filip: «Sei meg, kven er det profeten talar om her? Er det om seg sjølv eller om ein annan?»

35. Då tok Filip til orde. Han begynte med dette skriftordet og forkynte evangeliet om Jesus for han.

36. Medan dei køyrde frametter vegen, kom dei til ein stad der det var vatn, og hoffmannen sa: «Sjå, her er vatn. Kva er til hinder for at eg blir døypt?»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 8