Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 8:12-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Då dei begynte å tru Filip, som forkynte evangeliet om Guds rike og Jesu Kristi namn, lét dei seg døypa, både menn og kvinner.

13. Simon kom òg til tru. Etter at han var døypt, heldt han seg stadig til Filip og undra seg over dei teikn og mektige gjerningar som han såg.

14. Då apostlane i Jerusalem fekk høyra at Samaria hadde teke imot Guds ord, sende dei Peter og Johannes dit.

15. Dei kom ned og bad for dei truande, at dei måtte få Den heilage ande.

16. For Anden var endå ikkje komen over nokon av dei; dei var berre døypte til Herren Jesu namn.

17. No la dei hendene på dei, og dei fekk Den heilage ande.

18. Men då Simon såg at Anden vart gjeven når apostlane la hendene på dei, baud han dei pengar

19. og sa: «Gjev meg òg denne makta, så den eg legg hendene på, kan få Den heilage ande!»

20. Men Peter sa til han: «Måtte pengane dine gå til grunne saman med deg, du som tenkte at du kunne kjøpa Guds gåve for pengar!

21. Du har ingen lut eller del i dette, for hjartet ditt er ikkje rett i Guds auge.

22. Vend om frå denne vondskapen din, og be til Herren, så kanskje han vil tilgje deg at du ber slik ein tanke i hjartet ditt.

23. For eg ser at du er full av bitter galle og lenkja til vondskap.»

24. Då sa Simon: «De må be til Herren for meg, så ikkje noko av det de no har sagt, skal koma over meg.»

25. Etter at dei hadde bore fram vitnemålet sitt og tala Herrens ord, drog dei tilbake til Jerusalem, og på vegen forkynte dei evangeliet i mange av landsbyane i Samaria.

26. Ein engel frå Herren tala til Filip og sa: «Gjer deg ferdig og gå sørover på vegen som fører frå Jerusalem til Gaza.» Dette er ei aud strekning.

27. Filip gjorde seg ferdig og tok ut. Då fekk han sjå ein etiopisk hoffmann, ein høg embetsmann som hadde tilsyn med skattkammeret hos Kandake, dronninga i Etiopia. No hadde han vore i Jerusalem for å tilbe.

28. Han var på veg heim og sat i vogna si og las frå profeten Jesaja.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 8