Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 8:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Saulus var samd i drapet på Stefanus.Same dagen braut det ut ei hard forfølging mot forsamlinga i Jerusalem. Alle så nær som apostlane vart spreidde omkring i Judea og Samaria.

2. Nokre fromme menn gravla Stefanus og heldt ei stor dødsklage over han.

3. Men Saulus fór hardt fram mot forsamlinga. Han trengde seg inn i hus etter hus og drog ut både menn og kvinner og fekk dei sette i fengsel.

4. Dei som var spreidde omkring, drog rundt og forkynte Ordet.

5. Filip kom ned til hovudstaden i Samaria, og der forkynte han Kristus.

6. Og alle som ein følgde godt med på det Filip sa når dei høyrde han og såg dei teikna han gjorde.

7. For mange hadde ureine ånder i seg, og dei fór ut med høge skrik, og mange lamme og halte vart lækte.

8. Det vart stor glede der i byen.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 8