Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 7:52-60 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

52. Kven av profetane var det fedrane dykkar ikkje forfølgde? Dei drap dei som på førehand forkynte at Den rettferdige skulle koma. Og han har de no svike og slege i hel,

53. de som tok imot lova etter påbod av englar, men ikkje har halde henne.»

54. Då dei høyrde dette, vart dei rasande og skar tenner mot han.

55. Men fylt av Den heilage ande vende Stefanus auga mot himmelen, og der såg han Guds herlegdom og Jesus stå ved Guds høgre hand.

56. Då sa han: «Eg ser himmelen open og Menneskesonen stå ved Guds høgre hand.»

57. Men då skreik dei høgt og heldt seg for øyra, og alle som ein storma dei mot han.

58. Dei dreiv han ut av byen og steina han. Og vitna la kappene sine ved føtene til ein ung mann som heitte Saulus.

59. Dei steina Stefanus medan han bad og sa: «Herre Jesus, ta imot mi ånd.»

60. Så fall han på kne og ropa høgt: «Herre, tilrekna dei ikkje denne synda!» Då han hadde sagt det, sovna han inn.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 7