Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 7:34-47 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

34. Eg har sett korleis folket mitt blir plaga i Egypt og har høyrt korleis dei klagar. Eg har stige ned for å fria dei ut. Gå no! Eg sender deg til Egypt.’

35. Det var denne Moses dei ikkje ville vita av då dei sa: ‘Kven har sett deg til leiar og dommar?’ – og det var han Gud sende til leiar og bergingsmann, med hjelp av engelen som synte seg for han i klungerbusken.

36. Moses var det som førte dei ut og gjorde under og teikn i Egypt, ved Raudehavet og i øydemarka i førti år.

37. Han var det som sa til israelittane: ‘Gud skal la det stå fram ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør.’

38. Då folket var samla i øydemarka, var det òg han som var saman både med fedrane våre og med engelen som tala til han frå Sinai-fjellet. Moses tok imot levande ord som han skulle gje oss.

39. Men fedrane våre ville ikkje lyda han. Dei viste han frå seg, og i sitt hjarte vende dei attende til Egypt,

40. og dei sa til Aron: ‘Lag gudar til oss som kan gå føre oss. For vi veit ikkje kva som har hendt med denne Moses som førte oss ut frå Egypt.’

41. På den tida laga dei ein kalv og bar fram offer til denne avguden og gledde seg over eit verk av sine eigne hender.

42. Då vende Gud seg frå dei og lét dei tilbe himmelhæren, som det står skrive i profetboka: Bar de fram for meg slaktoffer og gåver dei førti åra i ørkenen, Israels hus?

43. Nei, de bar med dykk teltet til Molok og stjerna til Refan, guden dykkar, bileta som de laga og tilbad. Men eg vil flytta dykk bortanfor Babylon.

44. I øydemarka hadde fedrane våre vitnemålsteltet, det som Moses skulle laga etter det førebiletet han fekk sjå, slik han som tala til Moses, hadde gjeve påbod om.

45. Fedrane våre fekk det i arv, og under Josva tok dei det med seg inn i det landet dei fekk i eige etter dei folkeslaga som Gud dreiv bort framfor dei. Slik var det heilt til Davids dagar.

46. Han fann nåde hos Gud og bad om å få sørgja for ein bustad til Jakobs hus.

47. Men det vart Salomo som bygde eit hus for Gud.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 7