Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 6:9-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Då stod det fram nokre frå den synagogen som vart kalla «Synagogen for frigjevne og for kyrenearar og aleksandrinarar». Saman med jødar frå Kilikia og Asia gav dei seg i ordskifte med Stefanus.

10. Men dei kunne ikkje stå seg mot den visdom og ånd som han tala med.

11. Då fekk dei i løynd lokka nokre menn til å seia: «Vi har høyrt han seia spottande ord mot Moses og Gud.»

12. På den måten eggja dei opp folket og dei eldste og dei skriftlærde. Og dei gjekk mot han, greip han og drog han med seg inn for Rådet.

13. Der førte dei fram falske vitne som sa: «Denne mannen held ikkje opp med å tala mot denne heilage staden og mot lova.

14. Vi har høyrt han seia at denne Jesus frå Nasaret skal riva ned heilagdomen og endra dei skikkane som vi har fått overleverte frå Moses.»

15. Då feste dei auga på han, alle som sat i Rådet, og dei såg at andletet hans var som eit engleandlet.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 6