Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 5:28-42 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

28. «Forbaud vi dykk ikkje strengt å undervisa om dette namnet? Og no har de fylt heile Jerusalem med læra dykkar og vil leggja skulda for blodet til denne mannen over på oss.»

29. Men Peter og apostlane svara: «Ein skal lyda Gud meir enn menneske!

30. Våre fedrars Gud reiste opp Jesus, han som de hengde på eit tre og drap.

31. Han har Gud lyft opp og sett ved si høgre hand som fyrste og frelsar, for at han kan gje Israel omvending og tilgjeving for syndene.

32. Om alt dette kan vi vitna, vi og Den heilage ande som Gud har gjeve dei som lyder han.»

33. Då dei høyrde dette, vart dei rasande og sette seg føre å drepa dei.

34. Men ein farisear som heitte Gamaliel, ein lovlærar som heile folket sette høgt, reiste seg i Rådet, bad dei føra mennene ut ei lita stund

35. og sa: «Israelittar! Tenk dykk vel om før de gjer noko med desse mennene!

36. For ei tid sidan stod Tevdas fram. Han gav seg ut for å vera noko stort, og om lag fire hundre menn slo lag med han. Men han vart drepen, og heile flokken av tilhengjarar løyste seg opp og vart borte.

37. Etter han, på den tid det var folketeljing, kom galilearen Judas. Han drog med seg mykje folk, men han mista livet, og alle tilhengjarane hans vart spreidde.

38. Og no seier eg dykk: Hald dykk unna desse mennene! Lat dei gå! For dersom dette er menneskevilje og menneskeverk, blir det ingenting av det.

39. Men er det av Gud, kan de ikkje stansa dei. Det kunne visa seg at de strider mot Gud.» Dei følgde rådet hans

40. og kalla apostlane inn att. Dei lét dei piska, forbaud dei å tala i Jesu namn og lét dei så gå.

41. Dei gjekk bort frå Rådet, glade fordi dei var rekna verdige til å lida vanære for Namnet skuld.

42. Men dei lét seg ikkje stansa. Både i tempelet og i heimane heldt dei dag etter dag fram med å undervisa og forkynna evangeliet om at Jesus er Messias.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 5