Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 5:22-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Men då vaktmennene kom dit, fann dei ikkje apostlane. Dei kom tilbake og melde:

23. «Vi fann fengselet forsvarleg stengt, og vaktene stod ved portane. Men då vi lét opp, fann vi ingen der inne.»

24. Denne meldinga gjorde overprestane og sjefen for tempelvakta rådville, og dei undra seg på kva dette kunne vera.

25. I det same kom det ein og fortalde: «Dei mennene de sette i fengsel, står no på tempelplassen og underviser folket.»

26. Sjefen for vakta og mennene hans drog då av stad og henta dei, men utan å bruka makt; dei var redde for å bli steina av folket.

27. Så tok dei apostlane med seg og stilte dei fram for Rådet. Og øvstepresten tok til å spørja dei ut:

28. «Forbaud vi dykk ikkje strengt å undervisa om dette namnet? Og no har de fylt heile Jerusalem med læra dykkar og vil leggja skulda for blodet til denne mannen over på oss.»

29. Men Peter og apostlane svara: «Ein skal lyda Gud meir enn menneske!

30. Våre fedrars Gud reiste opp Jesus, han som de hengde på eit tre og drap.

31. Han har Gud lyft opp og sett ved si høgre hand som fyrste og frelsar, for at han kan gje Israel omvending og tilgjeving for syndene.

32. Om alt dette kan vi vitna, vi og Den heilage ande som Gud har gjeve dei som lyder han.»

33. Då dei høyrde dette, vart dei rasande og sette seg føre å drepa dei.

34. Men ein farisear som heitte Gamaliel, ein lovlærar som heile folket sette høgt, reiste seg i Rådet, bad dei føra mennene ut ei lita stund

35. og sa: «Israelittar! Tenk dykk vel om før de gjer noko med desse mennene!

36. For ei tid sidan stod Tevdas fram. Han gav seg ut for å vera noko stort, og om lag fire hundre menn slo lag med han. Men han vart drepen, og heile flokken av tilhengjarar løyste seg opp og vart borte.

37. Etter han, på den tid det var folketeljing, kom galilearen Judas. Han drog med seg mykje folk, men han mista livet, og alle tilhengjarane hans vart spreidde.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 5